onsdag 9. desember 2009

1 år !














Tida går utruleg fort, og Eiliv har blitt ett år.


Han er glad i å lese bok, demontere legoklosser, ta ting ut og inn av bokser, bade, kose med sauer, besøke farmor og farfar, spille keybord, og ikkje minst spise mat!


Trudde du at du skulle få ha frokosten i fred pappa...?




















Eksepler på mat Eiliv liker: blodpudding, tran, appelsin, aniskringle, makrell i tomat, leverpostei, sei...

Eksempler på mat Eiliv ikkje liker: Ja... eg kan ikkje komme på noko.







Eiliv koser seg på ein stabel saueskinn.





Han har blitt veldig flink til å bruke potta. Rekorden er tørr bleie fra kl 7-17. Men det var vel mest flaks :o)

lørdag 3. oktober 2009

Sauesanking

Årets sauesanking gjekk overraskende lett. For å ta eit lite resyme: I vår sendte vi 49 sauer og 79 lam på fjellet.

Sauesanking dag 1: Håvard og Jostein gjekk fra Holden og heim. Resultat: 47 sauer og 77 lam.


Sauesanking dag 2: Marit gjekk over fjellet og ned til Ferja(der sauane har gått ned tidligere år). Resultat: 1 sau og 2 lam.

Den smarte hjerne kan no rekne ut at vi mangler kun ein sau. Kor den har gjort av seg er det ingen som veit.
Lang, lang rekke i strålande sol. Forøvrig den einaste dagen i høst med oppholdsvær :o)
Endeleg heime, og like kosete som før sommaren...

søndag 13. september 2009

Sommermoro

Alle venter vel i spenning på å sjå kva som skjer hos oss, så her kjem endeleg nokre bilder frå husbygginga.

Først graving av tomt og fylling av masser...
...ringmur...


...og dekke.





Her blir det fyllt ny masse i vegen, så vi unngår litt av gjørma :o)


Dette er vel stort sett det sommaren gikk med til. I alle fall for Håvard. (Marit har dreve meir med klesvask, oppvask, bleievask, husvask, bleievask, babyvask, oppvask, klesvask, husvask osv osv.....)







Men no har snekkerne tatt over, og da vert det fort store endringar. I alle fall når det kjem kranbil for å løfte på plass takstolar.











Så slik er stoda no. Oppdateringar kjem med ujamne mellomrom :o)

lørdag 11. juli 2009

Koselig besøk

Vi har hatt skikkelig koselig besøk i garasjen vår noen uker nå...
22.06:
















24.06:




28.06:





04.07: Småtassene tar sin første tur ut av reiret for å utforske garasjen...



Pent brukt reir rimelig til leie.
Soverom og bad. Må påberegnes litt oppussing...
Kontakt oss gjerne for en uforpliktende visning


søndag 28. juni 2009

Sommer og fjelltur

Eiliv nyt sommaren, og alt skal sjølvsagt smakes på.


























Kopplamma treng og litt kos.





Sist helg var vi på fjellet for å prøve å finne sauene våre. Men dei var søkk vekk, tross GPS-posisjon på morgenen, og fleire telefoner for å prøve å finne nokon som kunne sjekke siste logging på nettet. Desverre har vi ein litt for turglad familie, så vi fant ingen som var på nett... Da vi kom heim såg vi at dei var rett over haugen vi vurderte å gå over, men droppa fordi det vart for seint.
Men sjølv om vi ikkje fant nokon sauer var det ein fin tur :o)















Eiliv tar ein middagslur i bæreselen.

onsdag 17. juni 2009

Tålmodighet er en dyd...

Men sidan alle maser slik må eg vel legge ut nokre bilder av gromguten :o) Det er jo ikkje så lett når Håvard tek med seg fotoapparatet og dreg til Trondheim heile veka.
Men no har eg endeleg funne ut korleis eg overfører bilder fra mobilen, så da fekk eg litt fleire å velge mellom. (Til opplysning har eg aldri prøvd å overføre bilder før, så dere treng ikkje mobbe meg for manglende datakunnskaper...)


Eiliv pusser sine to tenner.

Tur i skogen.
.
Vi måtte søke ly under eit grantre fordi vi vart overraska av ei skikkelig regnskur. Regndråpene på nasen til Eiliv kjem desverre ikkje så godt fram. (Det er ikkje så lett å ta bilde av ein unge i bæresele.)


Alternativ bruk av baby-gym.