fredag 17. august 2007

den store dagen

Da venter nok alle spent på bilete frå den store dagen. Eg vil anta at godt over 90% av dei som les dette vil finne seg sjølv på det første biletet, så eg tar ikkje nokon lang gjennomgang av dagen her :o) For dei som ikkje var til stede: Vi sa ja, alle var glade og alle spiste veldig mykje god mat. Og ikkje minst, det vart tatt veldig mange fine bilete. Dei fleste vi har lagt ut her er det tante Bjørg som har tatt, og vi vil takke for ein godt utført jobb!








Kva gjer ein ikkje for fotografen :o)



















Håvards friveke forsvant utruleg kjapt. Da vi hadde buksert dobbeltsenga på loftet, rydda alt vi ikkje rakk før bryllupet, bytta eit par gaver og vore eit par turer på Plantasjen var friveka over. No er Håvard tilbake på jobb, og eg nyt dei siste sommardagane. På søndag flytter eg til Oppdal, så da er kveitebrødsdagane over. I tre månader blir det vekependling, og Håvard må ta oppvasken sjølv :o)