mandag 30. april 2007

Aleine i Trondheim

Håvard er i Spania på skoletur, så eg har god tid til å utforske internett. Så no har eg laga både ein blogg, og ei bryllupsheimeside. Det har jo blitt så populært i familien med blog, så vi tenkte vi skulle prøve det vi også. Så får vi sjå etter kvart om vi finn på så mykje å skrive om. Og om nokon gidder å lese det...

I ettermiddag drar eg til Bergen for å helse på Jona. Det gleder eg meg til. Eg skal berre plante nokre ripsbusker først. Det går i hage for tida. No har eg planta til sammen 14 meter hekk, så vi håper vi ser litt mindre til naboene etter kvart :o)