Eiliv er straks åtte uker, og begynner å bli ein aktiv krabat. Foreløpig er favorittaktiviteten å prate med mamma og pappa. I går blei han også med på duett på vuggesangen, så det er håp om at han blir musikalsk :o) At det er meininga å sovne når eg syng forstår han ikkje alltid...
I det siste har han også begynt å oppdage at han har hender. Dei er ganske gode å tygge på. Siste nyvinning er at dei også kan brukes til å daske til uroer. Litt tilfeldig om han treff eller ikkje, men artig er det.