søndag 6. januar 2008

Nyttårsaften





Så vart det enno eit nytt år, og vi feira med middag på Byåsen. Våre foreldre som bur i litt meir landlige strøk, kom inn til storbyen for å oppleve litt ekte fyrverkeri.











Sidan vi stort sett gløymer å fotografere har vi ingen bilete frå vår fantastiske kalkaunmiddag, men vi tok med eit bilete frå førebuingane, berre for å dokumentere kor ryddig og stilfullt det var. Håvards kjære bamser har fått hedersplassen i gyngestolen, på vårt nye saueskinn.


























Her kan de sjå litt av alt fyrverkeriet vi såg. Galskap eigentleg, kor mykje pengar som går opp i røyk....






2008 starta med frukost og frukost-dessert. Deretter tok vi ein liten ekspedisjon, for å utforske ein haug som vi faktisk aldri har vore oppe på før. Huset vårt kan de sjå rett framfor svigerfar.