Eiliv er straks åtte uker, og begynner å bli ein aktiv krabat. Foreløpig er favorittaktiviteten å prate med mamma og pappa. I går blei han også med på duett på vuggesangen, så det er håp om at han blir musikalsk :o) At det er meininga å sovne når eg syng forstår han ikkje alltid...
I det siste har han også begynt å oppdage at han har hender. Dei er ganske gode å tygge på. Siste nyvinning er at dei også kan brukes til å daske til uroer. Litt tilfeldig om han treff eller ikkje, men artig er det.
3 kommentarer:
Hoj, så kjekt for bestefar å sjå at han utviklar seg - oftare enn vi får besøkt han.
Dette verkar lovande, så er det trommesett han ønskar seg til jul no eller? Marie foreslår fiolin. Det bør jo vere ein klar fordel med å flytte til Malm at naboane ikkje klagar på slikt. Foreldre får heldigvis ubegrensede ressurser med tolmodighet utdelt ved fødsel.
Vi har besøk av Nina og Jens i helga (Oscar sine to), dei har øvd på piano, gitar, munnspel, kazoo og trompet. Med vekslande hell og lyd.
kjekt å sjå auga på desse små!! - huset har jo blitt riktig så fint, men har ingen planer om å legge inn bud.... -c-
Legg inn en kommentar