lørdag 3. juli 2010

Litt folkeopplysning

Det er ein utbredt misoppfatning (her i vesten) at små babyer ikkje har kontroll på blære og tarm. Ute i verden (og for så vidt også i Europa for 50-100 år siden) er det heilt vanlig å la babyene være uten bleie. Når dei må noko holdes dei fram på eit dertil egna sted. Dette kalles på "fagspråket" Elimination Communication - EC (masse info på nettet for dei som er interessert...)

Vi starta med potte til Eiliv da han var sju mnd, og det gjekk jo eigentleg veldig bra, sjølv om vi har eit stykke igjen til bleieslutt enno. Men dei som kan slikt seier at ein helst skal byrje før babyen er fire-fem mnd, for da har dei enno ikkje fått vanen med å bruke bleia som do. Så no byrja vi heilt fra starten med Signe. Vi tar det ganske light, og fokuserer mest på å unngå bæsjebleier. Etter kvar amming er det av med bleien, og holde ungen over do/potte/vask/isboks e.l. Og det er heilt tydelig at dette er veldig naturlig, for Signe bæsjer knapt i bleien allerede. Dei tre siste dagane har vi hatt ein bæsjebleie, pluss eit par småklatter. Og Signe bæsjer minst seks ganger daglig.

Så EC kan absolutt anbefales. Kvifor bytte bæsjebleier i tre-fire år når ein kan unngå det? 

2 kommentarer:

Gunnveig sa...

Veldig bra! Men trur ikkje e orker å prøve... Vi har ikkje begynt med potte enno heller vi...

arnedro sa...

Greit å høre. 5 prøvekaninar ga svært ulik varighet, men elles trur eg vår tid er omme.