
Etter ein heil sommars hardt arbeid begynner hagen vår å sjå riktig fin ut. Det vart ikkje plensåing denne helga heller, for i går striregna og hagla det heile dagen. Eit par minutt var det til og med snø i lufta.
Her ser dere vår fantastiske parkeringsplass. Den siste veka har det også kommet opp deler av eit rekkverk. I forgrunnen ser dere hasseltreet vårt, som Håvard fikk kjempet seg til etter harde forhandlinger. Med litt beskjæring håper vi det ikkje tar heile plena :o) (Men ellers har vi alltids motorsag...)
Her er eit lite kirsebærtre, som skal bli tre meter når det blir stort. Det er eit lite stykke igjen... Vi håper det får mykje bær etter kvart, så vi får mange fugler i hagen.
Her er skråninga på nedsida. Vi har planta til med stauder og busker. Og med ugrasduk, bark, og steinkant mot plena håper vi at hagen blir ganske lettstelt etter kvart. Plenklipping blir sjølvsagt Håvards jobb, vi tok med Ingeborgs gamle muskeldrevne grasklippar fra Lesja. Og her i huset satser vi visst på å klippe plena så ofte som man skal gjere. Vi får sjå etter kvart korleis det går... Men det skal ikkje så mykje til å sette ny rekord i familien Drøpping i alle fall :o)
