onsdag 12. september 2007

Livet som tilsynsveterinær

No sit eg på slakteriet på Oppdal og venter på at det skal komme ein ny bil med sau. For dei som ikkje er så inne i tilsynsveterinærens oppgaver på slakteriet kan eg jo ta ein liten orientering om kva eg driv med om dagane.

Alle dyr som kjem inn til slakteriet skal kontrolleres før dei blir avliva. Sjuke eller skadde dyr skal plukkes ut og evt avlives på fjøset viss det er nødvendig. Dyrebilene skal kontrolleres, at dei ikkje har for mange dyr med, og at dei ikkje tar med sjuke dyr. Oppstallinga på slakteriet skal kontrolleres, med dyretetthet og foring når dei står over natta.

Og så er det jo kjøttkontroll-delen. Alle slakt skal sees over, innmaten skal kontrolleres og godkjente slakt stemples. No blir det slakta 1700 dyr om dagen, så det er nok å gjere. Heldigvis har vi veldig flinke kontrollteknikere til å avlaste veterinærene, så vi treng ikkje stå på slaktelinja heile dagen. Alle slakt det er noko feil med blir hengt til sides på arresten. Og så må ein kanskje kassere ein fot med leddbetennelse, eller viss det er meir alvorlig blir heile dyret kassert. Og så må vi skrive eit brev til bonden om kva som er kassert og kvifor. Så kanskje må eg sende eit brev til pappa ein gang utpå høsten :o)

Så slik går no dagane. Det er kjekt å være i jobb igjen, og eg har mange trivelige kolleger. Og så er det jo ekstra stas å være i Trondheim i helgane når eg ikkje går og trør der heile dagen :o)
I helga skal vi så plen. Det har vore plana dei fire siste vekene, men denne gangen har eg tru på at vi klarer det. Hagen vår blir utruleg fin, så alle som vil må komme og sjå. Det er forresten mange som kjem og dei tre neste vekene, Jostein, Rune, Catharina, Eivind og Jona, og Nils Ingar. Trivelig med besøk!


Viss nokon syns eg bruker mykje tid på jobb til å skrive blogg kan eg informere om at eg har tatt imot og kontrollert 700 sau (fire biler) innimellom at eg har skrevet dette. Alternativet er å drikke kaffe :o)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Hei Marit og Håvard!
Blogga meg videre fra Marie Hovde sin blogg, og tenkte at dette kanskje måtte være dere ja. Husker du meg, Håvard? Jeg gikk på Øya sammen med naturforvaltnings-gærningene Marie, Hanna og Elise. Gratulerer med ekteskapet:) Og til deg Marit, du har sannsynligvis tatt i mot noen av sauene til mamma og pappa idag! Tror de skulle sende noen idag. Kjekt å vite hva som skjer når de kommer i hendene på deg!:) Ha et fortsatt lykkelig ekteskap, vi snakkes vel i Marie og Nils Ingars bryllup!
Hilsen Siri Kvam

Anonym sa...

Ved å studere siste slakterioppgjør ser eg at det er eg som betaler lønna di.