søndag 6. april 2008

Vårtur til Budapest

Det er fleire som har etterlyst bilder fra vår fantastiske bryllupsreise, og her kjem dei endeleg. Håvard er husfar i helga, så eg har ingen til å sensurere meg :o)
Budapest er ein verkeleg vakker by. Det einaste vi kanskje kan klage på var at det var litt tidleg på året, så det var ikkje grønt enno.


Fiskerbastionen. Bygd på ein utsiktsplass over Donau på den kuperte Buda-sida, vi ser over mot Pest, som er heilt flat. Fiskerbastionen har aldri hatt nokon funksjon, kun estetikk. Vi var der oppe ein kveld også. Byer gjer seg verkeleg i mørke :o)






















Vi var ein tur i dyrehagen. Desverre har vi mista alle video-opptaka vi tok. Sidan kameraet nesten var fullt etter nokre dager gjekk vi innom ein fotobutikk for å få brent alt på ein CD. Først da vi var heime igjen oppdaga vi at det var berre bileta som var med, ikkje filmane. Så ein lærdom til neste gang.






Ferie er jo først og fremst god mat. Og når det er så billig kan ein jo skeie ut litt. Bortsett fra litt mykje salt til tider, fekk vi veldig mykje god mat. Til og med hotellfrokosten overraska, med salat, eggerøre, yoghurt og nesten grovt brød, så vi vart mette kvar dag. Og er det noko ugarere kan så er det å lage god kaffe. Sjølv Håvard syntes nesten den var god, sjølv om han foretrakk varm sjokolade (ikkje slik pulverkakao ein får på kafeer i Norge).


Det var mange vakre parker i Budapest. Men sidan det ikkje var grønt enno tok vi ikkje så mange bilete.





Kongepalasset, som ligg med heile fasaden mot Donau







Her er bilder fra ein stor markedshall som solgte souvenirer, handarbeid, sjakkbrett, kjøtt, pølser, fersk fisk (levende), ost, bakverk, grønnsaker og ikkje minst paprika. I alle tenkelige og utenkelige farger og fasonger. Fersk, tørka og som pulver. Fra den mildeste til den sterkeste. Vi fann etter kvart ut at ungarere kaller alt paprika, også det vi i Norge ville kalt chili.










Her er St.Istvan basilikaen, Budapest største kirke. 96 meter høg. Bileta klarer ikkje heilt å vise kor stor den er, men dere kan jo sjå nokre menneske på trappa. Vi var også oppe på taket og såg utover heile Budapest.










-
-
-
-
-
-
-
-
Andre ting som er verdt å nevne:
-Båttur på Donau i nattemørke.
-Utendørs bad med vatn fra varme kilder.
-Veldig mange flotte kirker
-15.mars. Ungarns 17.mai. Med parader, barneleiker, salgsboder og folkeliv
-Eit veldig effektivt kollektivsystem

6 kommentarer:

Marit og Håvard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
arnedro sa...

Flotte bilete. Ser at dama ved den gule busken er valgt ut blant eit stort utvalg.

John Gudmund sa...

når du e logga inn på bloggen din kjem d fram et søppelbøtte-tegn under kvar kommentar, da e d berre å trykke på den for å fjerne..
men d såg ut som utrule fin tur! bra størrelse på lirka ja! Nidarosdomen blir plutseli litt stusseli..:)

Nils Ingar sa...

mykje fine bilder:) Så jo ut som ein bra tur, men det visste e jo. Komme no lenger på parikasmakinga?

Anonym sa...

har tatt husmora nokre dager å lese gjennom, og sjå på bilder!! Såg ut som ein kjekk tur!! -men kor i all verden er det dere går på kafe i norge??? der dei serverer kakao av pulver?? -c-

Anonym sa...

kva skal dere førstkommende jul?? siden dere har nedtelling, og det fortsatt er 1 år og sju måneder igjen?? -c-