søndag 22. juni 2008

Grønnsakshagen

Det er ikkje alle som har plass til ein heil grønnsakshage i stua. Det har vel eigentleg ikkje vi heller har vi funnet ut, men det er artig å prøve eit år :o) Plantene trives i alle fall veldig bra sidan vi har så store vinduer, og med egenprodusert sjølvatningssystem med plastkasser fra IKEA veks det som berre det. Den største planta, agurken, er no 2,5 meter høg, og foreløpig rekord er ein agurk på 430 gram. Ellers har vi ete salat i over ein månad allereie, og det veks framleis. Andre sorter vi har er tomat, paprika, chili, gulrot, chalottløk, kvitløk, purre, timian, oregano, gressløk, rosmarin og mynte. Til og med sitrontreet vårt har begynt å få ein sitron :o)











2 kommentarer:

Anonym sa...

Vi som har litt lysare grønfarge på fingrane er imponert!!

Nils Ingar sa...

sett slikt, kven treng perisener når ein har plantasje?