tirsdag 3. mars 2009

Dåp

Her skjer det mykje for tida. Sist helg vart Eiliv døpt i Byåsen kirke, og vi klarte å samle nesten heile storfamilien. Utrulig kjekt at så mange kunne komme :o)
Her er dåpsbarnet med foreldre og faddere,
















og stolte besteforeldre med alle sine barnebarn.







Dåpen vart samtidig første store selskap i eit ferdigbygd hus. At det også er eit av dei siste er jo litt vemodig, men neste hus skal bli enno betre! Vi held no på med siste finpuss på plantegningene, før vi sender inn byggesøknad til kommunen. Det store spørsmålet no er om vi skal satse på solfangere til oppvarming av tappevatn, eller vannbåren varme i heile huset med ein liten vedfyr i tillegg til solfangere. (For dei som ikkje er så oppdatert på alternativ energi kan eg fortelle at solfangere ikkje er det samme som solceller, som gir elektrisitet. Solfangere overfører varme direkte til vatn, og er difor mykje meir effektivt.)

2 kommentarer:

Marie sa...

Vannboren varme frå sånne miljøvennlege kjelder = genialt! :)
Det er kanskje nok av både ved og sol oppi Malm?
Gle me t å sjå ka det bli!

Anonym sa...

Ja, vi er stolte besteforeldre. Vil ikkje gje meg ut for å vere ekspert på oppvarming, men energivennlege hus er i alle fall framtidsretta. Men det blir lengre kjøring for oss besteforeldre og det er jo ikkje så miljøvenleg.