mandag 6. april 2009

Ei lita oppdatering

Ting skjer fort for tida, og blogging er ikkje det vi har mest tid til. Så vi tar ein kjapp oppsummering av dei siste ukers hendinger i kronologisk rekkefølge:

-Vi har kjøpt gravemaskin
-Vi har kjøpt eit drivhus på 180 kvm
-Vi har kjørt flyttelass til Malm
-Vi har fått 50 villsau
-Vi har hatt oppstartsmøte med Mesterhus
-Vi har kjøpt firhjulstrekk
-Vi har flytta inn i ei lita sokkkelleilighet
-Eiliv har blitt (nesten) fire mnd



Bilder kjem når vi har fått internett i vår nye leilighet.
Som Nils Ingar kommenterte: Vi er ganske impulsive når vi berre får tenkt oss om :o)

tirsdag 3. mars 2009

Dåp

Her skjer det mykje for tida. Sist helg vart Eiliv døpt i Byåsen kirke, og vi klarte å samle nesten heile storfamilien. Utrulig kjekt at så mange kunne komme :o)
Her er dåpsbarnet med foreldre og faddere,
















og stolte besteforeldre med alle sine barnebarn.







Dåpen vart samtidig første store selskap i eit ferdigbygd hus. At det også er eit av dei siste er jo litt vemodig, men neste hus skal bli enno betre! Vi held no på med siste finpuss på plantegningene, før vi sender inn byggesøknad til kommunen. Det store spørsmålet no er om vi skal satse på solfangere til oppvarming av tappevatn, eller vannbåren varme i heile huset med ein liten vedfyr i tillegg til solfangere. (For dei som ikkje er så oppdatert på alternativ energi kan eg fortelle at solfangere ikkje er det samme som solceller, som gir elektrisitet. Solfangere overfører varme direkte til vatn, og er difor mykje meir effektivt.)

fredag 30. januar 2009

Stor gutt


























Eiliv er straks åtte uker, og begynner å bli ein aktiv krabat. Foreløpig er favorittaktiviteten å prate med mamma og pappa. I går blei han også med på duett på vuggesangen, så det er håp om at han blir musikalsk :o) At det er meininga å sovne når eg syng forstår han ikkje alltid...
I det siste har han også begynt å oppdage at han har hender. Dei er ganske gode å tygge på. Siste nyvinning er at dei også kan brukes til å daske til uroer. Litt tilfeldig om han treff eller ikkje, men artig er det.


tirsdag 27. januar 2009

Til salgs!

No er huset vårt endelig ferdig og lagt ut for salg. Så viss noen har masse penger er det berre å by... :o)

Annonsen finner du her.

søndag 4. januar 2009

Allerede fem uker...

Tida flyr når ein har småtroll. Men Eiliv har jo allerede blitt publisert på det store internettet av sine onkler, så da gjer det vel ikkje så mykje at foreldra er litt treige :o)









Dopa på melk....

Vi har forresten slutta med flaske igjen, dette klippet er fra jula.

torsdag 27. november 2008

BRANN !!!

Håvard var litt uforsiktig med fyrstikkene på mandag, så slik vart resultatet:








Her er noen bilder fra før brannen:

mandag 20. oktober 2008

Tida går. Sakte...


Her er mine nye venner. Dei har økt lengda på gåturane mine fra 300 til 900 m :o)
Ellers er det ganske kjedelig å ha bekkenløsning. Sitter stort sett i sofaen på ein haug med puter. No er eg i tillegg kraftig forkjøla. Host, host, snufs, snufs... (Medlidenhet mottas med takk :o)

Men det er i alle fall ein som er i fin form: